Jonas Øren

Jonas Øren er dansekunstnar og er interessert i å undersøke korleis sjølvet, subjektivitet og identitet er knytta til kommunikasjon, produksjon og strategisk framføring gjennom dans og koreografi. Ved å sjå til sjølv-performativitet både i og utanfor scenerommet ønsker han å spegle aspekt ved samtida og måtane vi kommuniserer på i dag. 
Øren har bachelorgrad i klassisk ballett og mastergrad i dans frå Kunsthøgskulen i Oslo, og har arbeider skapande og utøvande med dansen innanfor fleire kontekstar og i samarbeid med aktørar frå ulike felt. Han arbeider også som formidlingskonsulent ved Dansens Hus, der han har ansvaret for kontekstualiseringa av det kunstnariske programmet.

Foto: Martin Rustad Johansen.